Handlingsplan for cruisestrategien på høyring

Cruiseskip i norsk fjord

Har du meiningar om cruisetrafikken på Vestlandet? Handlingsplanen for cruisestrategien for vestlandsfylka er no ute på høyring.

Handlingsplanen syner føreslegne tiltak innan klima, miljø og verdiskaping på land. Du kan seie di meining om dei føreslegne tiltaka seinast 2. januar 2018.

Handlingsplanen femnar om dei to viktigaste innsatsområde innan cruise

  • Klima og miljø
  • Auka verdiskaping på land

Med ein venta vekst i framtidig cruisetrafikk må vi setje inn tiltak for å ta vare på natur, miljø og samfunna våre, og klima og miljø er følgjeleg eit særs viktig innsatsområde. Auka trafikk er eit godt høve til å styrke innteninga i cruiserelatert verksemd på land, noko om skaper arbeidsplassar og ei inntening som kan vidareutvikle reiselivstilboda våre.

Handlingsplanen syner korleis ein kan iverksetje den cruisestrategien som vart vedteken av Vestlandsrådet i november 2016. Handlingsplanen vert no sendt ut på høyring, med høyringsfrist 2.januar 2018. Handlingsplanen vert deretter behandla i kvar av dei fire fylkeskommunane, og deretter vedteken av Vestlandsrådet.

Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som behandler saka.

Du sender innspela dine anten på e-post til  post@sfj.no, per post til Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger

Du kan også melde inn innspela  elektronisk på Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside.

Del denne artikkelen på:
Vedlegg
Kontaktperson