Arbeidet på Lovraeidet stoppa opp

Den danske entreprenøren E. Pihl og Søn AS er konkurs. I Rogaland har entreprenøren kontrakten med å rassikre fylkesveg 517 Lovraeidet.

– Arbeidet er stoppa, men vi har fått tak i ein entreprenør som akkurat no held på å sikre området slik at trafikken kan gå greit forbi, fortel prosjektleiar Knut Utaaker.

Situasjonen er uavklart og Statens vegvesen veit ikkje når anleggsarbeidet kan starte igjen.

– Entreprenøren har fleire kontraktar med Statens vegvesen i Norge og Vegdirektoratet arbeidar med saka, seier Utaaker.

Kontaktperson i Statens vegvesen:
Knut Utaaker, prosjektleiar,  tlf. 951 85 842

Del denne artikkelen på: