Helga 15. - 17. mars vert Ungdommens kulturmønstring (UKM) arrangert på Vågen vidaregåande skule i Sandnes

Helga 15. - 17. mars vert Ungdommens kulturmønstring (UKM) arrangert på Vågen vidaregåande skule i Sandnes

Rapkonsert med Lars Vaular, låtskrivarverkstad med Arne Hovda, 160 talentfulle ungdomar - det er klart for ungdommens kulturmønstring! Det er andre gong fylkesmønstringa vert arrangert i eit samarbeid mellom skulen, Sandnes kommune og Rogaland fylkeskommune.

Meir enn 160 ungdomar frå heile fylket skal få visa fram det dei kan etter å ha blitt plukka ut frå lokalmønstringar arrangert av kommunane.

Ungdomane er påmelde innan musikk, dans, litteratur, film, visuell kunst, nysirkus, humor ? samt som nettredaksjon og konferansierar.

Opning av heile arrangementet skjer laurdag 16. mars kl. 15.00. Det er fylkesvaraordførar Terje Halleland som opnar mønstringa, og det vert helsingar ved ordførar Stanley Wirak i Sandnes og rektor Bente Jelsa på Vågen vidaregåande skule. 

Det vert i alt tre famsyningar med sceneinnslag:  Laurdag kl. 15.00 og sundag kl. 11.00 og 15.00.

I år er det satsa spesielt på å gje utøvarane innan visuell kunst eit løft, ved at det vert arrangert ei utstilling med offisiell opning laurdag kl. 17.00.

Fylkesmønstringa vert arrangert som ein festival frå fredag til sundag, og alle deltakarane får delta på ulike kunstverkstader. Her er Alain Morales instruktør i dans, Arne Hovda i låtskriving,  Anders Meland og Lars «Atlars» Tønnessen i jonglering og Atle Østrem i kunst. 

Fredag kveld vert deltakarane inviterte til ein eksklusiv konsert på Sandnes brygge med rapartisten Lars Vaular. 

Ein jury vil plukka ut dei unge utøvarane som skal få representera Rogaland på UKM-festivalen i Larvik i juni.

Juryen er samansett av Kjell Inge Torgersen (juryleiar), Ingrid Kjosavik, Alain Morales, Atle Østrem, Brage Halsnes, Gudrun Karina Arntsen og Stig Beite Løken.

Kontaktperson:
Kirsti Sandved 
51 51 68 27 / 481 01 988

Del denne artikkelen på: