Opnar delstrekning på T-forbindelsen i dag

Delstrekninga mellom Ørpetveitveien på Spanne og fram til krysset ved Tuastadvegen på T-forbindelsen opnar i dag, måndag 6. mai.

- Endeleg er vi klare til å opne strekninga, seier kontrollingeniør Steinar Rullestad i Statens vegvesen.

- Sperringane er i ferd med å bli fjerna. Etter klokka 12:00 skal strekninga vere open, fortel Rullestad.
Vegen som opnar er ca 4 kilometer lang og tunnelane Spannavarden (270 meter) og Husafjelltunnelen (670 meter) er ein del av denne.

- Vi har venta på endeleg sikkerheitsgodkjenning av Husafjelltunnelen. No er den klar og då opnar vi vegen med det same, seier Rullestad.

Det er ikkje sett ein endeleg dato for den offisielle opninga av heile T-forbindelsen, inkludert den undersjøiske Karmøytunnelen.

Kontaktperson i Statens vegvesen:
Steinar Rullestad
kontrollingeniør
970 93 174Opnar delstrekning på T-forbindelsen i dag

Delstrekninga mellom Ørpetveitveien på Spanne og fram til krysset ved Tuastadvegenpå T-forbindelsen opnar i dag, måndag 6. mai.Sist endret: 06.05.2013 Terese Haaland

- Endeleg er vi klare til å opne strekninga, seier kontrollingeniør Steinar Rullestad i Statens vegvesen.

- Sperringane er i ferd med å bli fjerna. Etter klokka 12:00 skal strekninga vere open, fortel Rullestad.
Vegen som opnar er ca 4 kilometer lang og tunnelane Spannavarden (270 meter) og Husafjelltunnelen (670 meter) er ein del av denne.

- Vi har venta på endeleg sikkerheitsgodkjenning av Husafjelltunnelen. No er den klar og då opnar vi vegen med det same, seier Rullestad.

Det er ikkje sett ein endeleg dato for den offisielle opninga av heile T-forbindelsen, inkludert den undersjøiske Karmøytunnelen.

Kontaktperson i Statens vegvesen:
Steinar Rullestad
Kontrollingeniør
970 93 174

Del denne artikkelen på: