Rassikringsprosjektet ved Lovraeidet startar opp igjen

Rassikringsprosjektet ved Lovraeidet startar opp igjen

Fylkesordførar Janne Johnsen og Øyvind Langemyr, dagleg leiar Berthelsen & Garpestad, signerer avtala som sikrar arbeidet med rassikring ved Lovraeidet.

Måndag signerte fylkesordførar Janne Johnsen kontrakt for fullføring av rassikringssprosjektet på Lovraeidet. I august stoppa arbeidet opp då entreprenøren gjekk konkurs.

I oktober vart det klart at kontrakten med konkursramma E.Pihl og Søn vart sagt opp og kontrakt for å gjere ferdig prosjektet vart lyst ut.

– Vi kjenner entreprenøren Bertelsen & Garpestad AS godt. Dei har vore underentreprenør både på Lovraeidet og på tilførselsvegane på Sandsfjordbrua. Nå har dei fått kontrakten på drøye 71 millionar kroner, opplyser Utaaker.

Ferdig til hausten

Entreprenøren startar arbeidet med å fullføre prosjektet 6. januar, som etter planen skal vere ferdig i oktober 2014. Før konkursen var den 950 meter lange rassikringstunnelen Hamratunnelen ferdig sprengt ut. Arbeidet som står att er blant anna å gjere ferdig arbeidet i tunnelen og bygge vegstrekninga ute.

Prosjektleiaren er glad for at arbeidet snart startar opp og at rassikringa av fylkesveg 517 Lovraeidet blir ferdig.

 Til saman skal 3,15 kilometer veg utbetrast og leggast om langs den rasutsette strekninga ved Lovravatnet i Suldal. Prosjektet grensar mot tilførselsvegane til Sandsfjordbrua.
– Vi hadde eit godt møte med fylkesordførar og entreprenør. Alle partar er nøgde med at vi kan fortsetje rassikringa, fortel prosjektleiar Knut Utaaker i Statens vegvesen.

Les meir om rassikringsprosjektet på Lovraeidet. Det er Statens vegvesen som utfører arbeidet på vegne av Rogaland fylkeskommune.  

Del denne artikkelen på: