Svotunnelen opna

Fem kilometer riksveg langsmed Tysdalsvatnet i Strand kommune er rassikra. Fredag 29. november opna samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) den nye vegen og tunnelen. Fylkesordførar Janne Johnsen var også med på opninga.

Fem kilometer av vegen går nå i tunnel mellom Vatne og Melkeråna gjennom den nye Svotunnelen. Opninga skjedde ved tunnelopninga på Vatne. Arbeidet på riksveg 13 starta i februar 2011 og det er Statens vegvesen som har utført jobben. 

Totalkostnadane for prosjektet er omlag 480 millionar kroner, og Rogaland fylkeskommune har bidratt med 250 millionar kroner.

Svotunnelen er 4 740 meter lang og er Rogalands lengste ikkje-undersjøiske tunnel.

Etter opninga var det lunsj for inviterte gjester på Høyland gård, Årdal.

Del denne artikkelen på: