Somamyra sør–Somaveien: Ny gang- og sykkelbru over E39

Statens vegvesen bygger ny gang- og sykkelbru over E39 på Soma i Sandnes. Brua skal stå ferdig i slutten av august. – Entreprenøren går i gang med klargjering innan kort tid, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Ove Murberg. 

Gang- og sykkelbrua blir 60 meter lang, og blir bygt langsmed fylkesveg 328 Somaveien, som krysser E39 i dag. Den nye brua blir kopla til gang- og sykkelvegar på aust- og vestsida av motorvegen. Statens vegvesen bygger i tillegg til saman 200 meter gang- og sykkelveg på begge sider. 

Nedsett fart på E39 

I byggeperioden blir det små endringar i køyremønsteret på E39. Murberg fortel at trafikken kjem til å bli styrt litt til sida for vanleg køyrefelt, slik som då bussbrua over E39 ved Statoil blei bygt i 2012/2013. I tillegg blir fartsgrensa på E39, forbi anleggsområdet, sett ned. 

– Når vi skal styre trafikken over i eit anna køyrefelt må vi stenge E39 om natta. Stenginga blir varsla på førehand, og omkøyring blir skilta, forsikrar Murberg. 

Statens vegvesen bygger den nye brua for Rogaland fylkeskommune. Risa AS er hovudentreprenør. 

Kontaktperson i Statens vegvesen: Byggeleiar Ove Murberg, tlf.: 902 15 062 eller e-post: ove.murberg@vegvesen.no

Del denne artikkelen på: