Strand vgs fyller 50 år

Strand vgs fyller 50 år

Skulen på Tau starta som eit filialgymnas, no er det 600 elevar som får opplæringa si her. Dagen vert feira 27. april med ope hus og jubileumsfest. 

I samband med jubileet er det gitt ut ei jublileumsbok med historia til skulen. "Det beste i den enkelte" lar både noverande og tidligare elevar fortelje om livet ved skulen. Tidlegare elevar reflekterer over kva rolle skulen har spelt i livet deira, og vi får lesa helsingar frå kjende personar, Hadja Tajik, Ellen Dorrit Petersen og Even Østensen. 

– Me ville laga ei bok som alle kan kjenna seg igjen i, og som har eit innhald som er relevant for dei aller fleste. Boka gir eit glimt av enkeltpersonar si oppleving av Strand vgs. og reflekterer over både fortida og framtida. Det er ikkje bare ei historiebok om dei 50 år åra som har vore, fortel rektor Erik Danielsen til Strandbuen.

Boka vert delt ut til alle husstander i Strand, Hjelmeland, Finnøy og Forsand. 

120 ansatte gjer skulen til den største kompetansearbeidsplassen i kommunen. No er det 600 elevar som går her, snart aukar det til bortimot 800. 

Feiring

Lørdag 27. april er det ope hus frå 12-15 med aktiviterar for store og små. Seinare på kvelden er det jubileumsfest med musikk og underhaldning, kåseri og skråblikk. 

Gratulerer med dagen! 

Del denne artikkelen på: