Produsentseminar i Den kulturelle skolesekken

Velkommen til produsentseminar i Den kulturelle skolesekken; Stavanger 26. og 27. november

Det blir to dagar med fagleg påfyll for deg som er produsent, formidlar eller som jobbar med produksjonar for barn og unge i Den kulturelle skulesekken. Seminaret passar både for deg som produserer sjølv eller du programmerer eller kjøper inn produksjonar. Anten du arbeider på fylkesnivå, i ein kommune eller i ein institusjon og uavhengig av kva for uttrykk du arbeidar med.

Arbeidet i verkstadane skal munne ut i korte framsyningar for elevar siste seminardagen.

Du kan melde deg på ein av fire ulike verkstader (prioritert rekkefølgje).

  1. Målgruppe 1.-4. trinn. Hovuduttrykk: Kulturarv, scenekunst og musikk. Tema: Bronsealder.
  2. Målgruppe: 5. - 7.trinn. Korleis plukke ut den beste produksjonen?  Med den nye portalen har de kome inn fleire tusen forslag til produksjonar. 943 er til komen til Rogaland. Tema: Kvalitetsarbeid med forslagene – korleis og kvifor?
  3. Målgruppe 8.- 10. trinn. Bruk av ny teknologi i kunstformidling til barn og unge i Den kulturelle skulesekken. Tema: Kvifor, korleis og erfaringar.
  4. Målgruppe: vidaregåande skule. Hovuduttrykk: Litteratur, men også visuell kunst. Tema: Praktisk produksjonsarbeid etter fysste turnerunde i DKS.

For deg som kjem på måndagen så tjuvstartar me med sosialisering og god underhalding på “Blyge Harry”.

Påmeldingsfristen har nå gått ut, det er ikke lenger mulig å melde seg på.

Praktisk informasjon:

Seminaret skal vere på Radisson Blue Atlantic Hotell i Stavanger, Olav V s gate 3, 4005 Stavanger

Tid: Tysdag 26 november 08:30-17:00 og onsdag 27 november 09:00-15:00. 

Pris: kr 1500,- (inkl. Seminar, lunsj x 2 og 1 middag)

Reise og overnatting ordnar de med sjølv.

Arrangør: Rogaland Fylkeskommune og Kulturtanken.