Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i jord- og hagebruket i Rogaland

Dette er ei tilskotsordning som fylkeskommunen har fått ansvaret for etter forvaltingsreforma i 2010. Det er jordbruksavtalemidlar. Forvaltingsreforma gjorde at fylkeskommunen skal vera ein regional utviklingsaktør på landbruks- og matområdet.

Støtteordninga skal medverka til rekruttering og kompetanseheving i landbruket som styrkar verdiskapinga. Støtteordninga skal vera tilpassa regionale utfordringar. Regionalplan landbruk og handlingsprogram næring er styringsdokumenta for korleis bruka desse midlane i Rogaland.

Regional fordeling av tilskotet frå staten

Regionalpolitikarane har bestemt at 65 prosent av tilskotet frå Landbruks- og matdepartementet til rekruttering og kompetanseheving i landbruket, skal gå til prosjekt i handlingsprogram næring. 35% av tilskotet skal gå til mindre prosjekt og tiltak.

Søknader om støtte til mindre prosjekt under kr. 100.000 og til tiltak vert handsama administrativt etter kvart som søknadene kjem inn og til potten er tom.  

Kven kan søkja om støtte til mindre prosjekt og kursverksemd

Regionalpolitikarane reviderte retningslinene i møtet 9. februar 2017, sak 4/17.

Her er retningslinene for søknader om tilskot til mindre prosjekt og tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i jord- og hagebruket i Rogaland. 

Søknaden sendast:

Per e-post firmapost@rogfk.no, eller per post til:
Rogaland fylkeskommune
v/Næringsavdelingen
Postboks 130
4001 Stavanger

Kontaktperson
Sissel Bakke, sissel.bakke@rogfk.no
Tlf. 51 51 66 23

Del denne artikkelen på: