Ny regional støtteordning: Attraktive tettstader og bygder i distrikta i Rogaland

Støtteordninga er forankra i handlingsprogram næring 2017 og i regional- og distriktspolitikken i oppdragsbrevet frå Kommunal- og moderningsdepartementet 2017. 

Føremålet er å styrka og utvikla attraksjonskrafta til bygdene i distrikta og fremja levande bygder, sysselsetting, næringsutvikling og reisemålsutvikling. 

Vedtak og saksutgreiing i regional- og kulturutvalet 5. oktober 2017

Retningslinene og meir om føremålet, kven som kan søkja, korleis søkja og kva og kor mykje det kan søkjast.  

Søknadsfristane er 1. november 2017 og 1. april 2018. Søknaden skal opprettast og skrivast elektronisk i www.regionalforvaltning.no.

Kontaktpersonar: Torhild Haugen og Sissel Bakke. 

Del denne artikkelen på: