Lokal samfunnsutvikling

Foto: Øystein Akselberg

Levande bygder og attraktive lokalsamfunn er sentrale føresetnader for å nå måla i regional- og distriktspolitikken. Dei nasjonale måla er å oppretthalda hovudtrekka i busettingsmønsteret, ta i bruk dei menneskelege og naturgitte ressursane til verdiskaping og å trygge likeverdige levekår, i heile landet.  

Distriktspolitikken er ein del av regionalpolitikken. Den smale regional- og distriktspolitikken er knytt til dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane som Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KMD, har ansvaret for. Mesteparten av midlane blir overført til fylkeskommunane og skal brukast i det distriktspolitiske verkeområdet. I Rogaland vert utviklingsmidlane frå Staten brukt til å følgja opp regionale næringsplanar og til å gjennomføra handlingsprogram næring.

Det distriktspolitiske verkeområdet er delt i soner.  Soneinndelinga er basert på ein distriktsindeks med vektingar av geografi, demografi, arbeidsmarknad og levekår.  Dei distriktspolitiske utviklingsmidlane skal brukast i sone to og tre. Distriktsretta investeringsstøtte kan berre gjevast i sone tre. Bakgrunnen er ESA sitt regionalstøtteregelverk.  

Det distriktspolitiske verkeområdet og soneinndelinga i Rogaland.

  I Karmøy, Tysvær, Rennesøy, Strand, Randaberg, Sola, Gjesdal, Time, Klepp, Hå, Bjerkreim, Haugesund, Stavanger, Sandnes, Eigersund, Forsand
  II Bokn, Finnøy, Vindafjord
  III Kvitsøy, Suldal, Hjelmeland, Lund, Sokndal, Utsira, Sauda

Ny regional støtteordning: Attraktive tettstader og bygder i distrikta i Rogaland

Støtteordninga er forankra i handlingsprogram næring 2017 og i regional- og distriktspolitikken i oppdragsbrevet frå Kommunal- og moderningsdepartementet 2017. Føremålet er å styrka og utvikla attraksjonskrafta til bygdene i distrikta og fremja levande bygder, sysselsetting, næringsutvikling og reisemålsutvikling. 

Vedtak og saksutgreiinga i regional- og kulturutvalet 5. oktober 2017

Retningslinene og meir om føremålet, kven som kan søkja, korleis søkja og kva og kor mykje det kan søkjast.  

Søknadsfristane er 1. november 2017 og 1. april 2018. Søknaden skal opprettast og skrivast elektronisk i www.regionalforvaltning.no. Kontaktpersonar: Torhild Haugen og Sissel Bakke.

KUNNSKAPSBASE

Utvikling av bygdene kjem nedanfrå 
Kompetansesenter for distriktsutvikling, Distriktssenteret, er eit nasjonalt senter for lokal samfunnsutvikling. www.distriktssenteret.no Distriktssenteret skal inspirera og vera ein støttespelar for kommunane og fylkeskommunane med å henta inn, systematisera og formidla erfarings- og forskingsbasert kunnskap om lokal samfunnsutvikling.   

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har informasjon og kunnskap om samfunnsutvikling som fysisk stadutvikling under lenka www.stedsutvikling.no

PROSJEKT

Staten si satsing på lokal samfunnsutvikling
Frå 2010 til 2014 gjennomførte Staten eit nasjonalt utviklingsprogram kalla lokalsamfunnsutvikling i kommunane, korta til LUK.    

Utviklingsprogrammet er ei oppfølging av Stortingsmelding nr 25 (2008/2009) om regional- og distriktspolitikken, Lokal vekstkraft og framtidstru. Måla til utviklingsprogrammet: -

-       Fleire kommunar er sterke utviklingsaktørar og arbeider kontinuerleg med å byggje opp attraktive lokalsamfunn

-       Initiativ frå innbyggjarar, bedrifter, entreprenørar, eldsjeler og friviljuge organisasjonar er godt integrerte i utviklingsarbeidet

-       Fylkeskommunane har betre kapasitet og kompetanse til å styrke arbeidet med lokal samfunnsutvikling i kommunane

-       Fylkeskommunane har oversikt over aktuelle utviklingsprogram og kan samordne fagleg og økonomisk støtte til kommunane

-       Utnyttinga av verkemiddel til lokale utviklingstiltak er meir effektiv.

Om utviklingsprogrammet har medverka til å nå desse måla er evaluert av Telemarksforsking.

Sluttrapport frå følgeevaluering av programmet Lokal samfunnsutvikling i kommunene (LUK)  

Lokal samfunnsutvikling i Rogaland  
Fylkeskommunen har hatt ei regional satsing på lokal samfunnsutvikling i kommunane frå 2013 til 2015. Utviklingsmidlane frå Staten har me prioritert å bruka til tre utvalde prosjekt med overførings- og læringsverdi til alle kommunane. Målet er å gjera kommunane endå betre til å planleggja, mobilisera, samarbeida og gjennomføra utviklingsprosjekt. Dei konkrete prosjekta skal utvikla gode metodar og verktøy for lokalsamfunnsutvikling.

LUK prosjekta i Rogaland

Forsand og Strand kommunar:

Lysefjorden som attraktivt reisemål. Legg dei pengar att?

Finnøy kommune:

Grendalag som på drivar for lokal samfunnsutvikling. 

Tysvær kommune:

Nedstrand 2020 – attraktiv bygdeutvikling.

Erfaringane og kunnskapane frå prosjekta vart formidla på samlinga Levande bygder.

Ordførar Sigmund Lier, Tysvær kommune. Kva gjer kommunen for å ha levande bygder i heile kommunen?

Professor i bygdeutvikling Dag Jørund Lønning, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Korleis få fart på utviklingskrafta i bygdene?

Prosjektleiar Heidi Skifjell. Livleg engasjement – grendalaga som utviklingskraft

Prosjektleiar Åshild Hus og bygdeutviklar Kari Sand. Legg dei pengar att?

Prosjektleiar Anette Sæther. Nedstrand 2020

Rådgjevar Per Anda, Rogaland fylkeskommune. Presentasjon av prosjektet attraktiv tettstadutvikling i distrikta.

Samspelet byen og bygdene
Staten har sett i gong eit utviklingsprogram for byregionar. Distriktssenteret følgjer opp programmet med nettverk og fagsamlingar. Meir informasjon om programmet  finn de på www.distriktsenteret.no/byregionprogrammet/

Programmet er delt i to med ein kartleggings- og analysefase og ein strategi- og tiltaksfase.  Haugesundsregionen med kommunane Suldal, Sauda, Bokn, Tysvær, Karmøy,  Etne, Sveio og Vindafjord, og Jæren med kommunane Sandnes, Klepp, Gjesdal, Time og Hå var med i kartleggings- og analysefasen frå våren 2014 til sommaren 2015.
NIBR- rapport 2015:16 Byregionprogrammets fase 1: Gjennomgang av 33 samfunnsanalyser.

Haugesundsregionen og Ytre Ryfylke med kommunane Strand, Hjelmeland og Forsand er med i strategi- og tiltaksfasen som varer fram til 2017.

Programmet har søkjelyset på økonomisk vekst og kva rolle samarbeid og samspel mellom kommunane spelar. Byane medverkar ikkje åleine til ein økonomisk vekst. Sjå rapporten Samspill mellom by og omland som kilde til økonomisk vekst.

LUK Landbruk

                      

STRATEGIAR FOR LOKAL SAMFUNNSUTVIKLING

Strategisk og mobiliserande kommuneplanlegging
Prosjektet Effektivisering av kommunal planlegging ser på planlegging som eit verktøy for å iverksetja nasjonal politikk versus planlegging som eit verktøy for å initiera lokal samfunnsutvikling. 

Effektivisering av kommunal planlegging. Sluttrapport.

Søkjelyset på overordna strategisk planlegging er ein metode for å styrka det kommunale handlingsrommet og effektivisera kommuneplanlegginga.
Her er KS sine 10 råd for et velfungerende og effektivt plansystem.  

METODAR OG VERKTØY FOR LOKAL SAMFUNNSUTVIKLING

Grendalag som utviklingskraft
Ryfylke Næringshage AS har laga ei handbok med ei verktøykasse for grendalag som utviklingskraft i lokal samfunna. Handboka har to delar med ein teoridel og ei verktøybok.

Livleg engasjement. Grendalag som utviklingskraft i lokalsamfunn. Handbok del 1.

Livleg engasjement. Grendalag som utviklingskraft i lokalsamfunn. Handbok del 2.

Handbøkene kan bestillast i papirform frå Ryfylke Næringshage på epost fnhage@finnoy.com  

Rettleiar i utvikling av småsamfunn
Veileder i lokal samfunnsutvikling frå Bygdeforskning.

Programteori for attraktivitet
Teorien er utvikla av Telemarkforsking. Sammendragsrapport. Programteori for attraktivitet.  Programteorien seier det er tre tre typar attraktivitet som kan påverkast lokalt for å legge til rette for samfunns- og næringsutvikling. Det er bustadattraktivitet, bedriftsattraktivitet og besøksattraktivitet.   

10punktsmodellen
10punktsmodellen er ein metode for korleis organisera lokalt utviklingsarbeid. Modellen kan og brukast når ein jobbar med kommuneplanen som ein strategisk plan for samfunnsutvikling.
Sjå lenka for meir informasjon:  https://distriktssenteret.no/2014/06/18/metodikk-strategisk-arbeid-med-lokal-utvikling/

Kapasitetsdiamanten
Kapasitetsdiamanten er eit verktøy for kommunane til å analysera utviklingskapasiteten og til å kartleggja kva ein kan bli betre på for å styrka eigen utviklingskapasitet. https://distriktssenteret.no/2015/09/02/kapasitetsdiamanten/

Læringshefte om utviklingskapasitet: Slik kan kommunene bli betre samfunnsutviklere.

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson